Dersom du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjorde i eit tverrfagleg team-møte. Akutt leukemi hos vaksne vert i starten behandla med cellegift.
Denne behandlinga er svært intensiv, og må følgjast opp med omfattande støttebehandling. I nokre tilfelle blir cellegiftbehandlinga følgd opp med stamcelletransplantasjon, også kalla beinmargstransplantasjon.
I ein del tilfelle anbefaler vi ikkje ei så tøff behandling. Dette er særleg der pasienten på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje vil tole ei slik behandling. Då kan det vere aktuelt med ei mildare cellegiftbehandling for å bremse sjukdommen, eller kun støttande behandling. Støttande behandling vil ofte vere tilførsel av raude blodceller og blodplater, i tillegg til behandling av infeksjonar.
Akutt leukemi kan i mange tilfelle kurerast, men diverre langt i frå alltid. Generelt er det større sjanse for å kurere yngre enn eldre personar med blodkreft. Mange ulike faktorar ved blodkreften påverkar også sjansen til å bli frisk.
Ubehandla akutt leukemi er vurdert som 100 prosent dødeleg.
Ved akutt myelogen leukemi (AML) strekker den mest brukte behandlinga seg over fire til seks månadar. Ved akutt lymfatisk leukemi (ALL) varer behandinga i to og eit halvt år. Dette gjeld når målet for behandlinga er å bli frisk.
Dersom ein skal ha stamcelletransplantasjon vil det forandre lengda på behandlinga.
Cellegiftbehandling