Fjerning av mandlar, adenotomi og neseseptumplastikk krev inga eiga utgreiing. Hos pasientar som verken har nytte av desse operasjonane, generelle livstilstiltak, PAP eller søvnapnéskjene kan ei undersøking i narkose vera nyttig som grunnlag for persontilpassa behandling.
Enkelte pasientar får ei undersøking i narkose, ein «drug induced sedation endoscopy» eller ein «dynamisk magnetresonanstomografi». Undersøkingane dannar grunnlag for persontilpassa kirurgi retta mot den eller dei delane av dei øvre luftvegane som kollapsar under søvn.
Operasjonar i svelget skjer i narkose. Det er derfor viktig at ein møter fastande. Du får meir informasjon om type operasjon og førebuingar frå avdelinga.