Nasjonal behandlingsteneste for barn og unge
NBTK består av spesialutdanna psykologar, legar, sjukepleiarar og sekretærar. Utgreiinga består av samtalar, semi-strukturerte intervju og skjema du skal fylle ut sjølv.
For å kunne diagnostisere kjønnsidentitetsopplevinga må ho ha halde fram over tid og ikkje vere symptom på alvorleg psykisk sjukdom. Diagnostikken kviler på historia om kjønnsidentiteten din, drivkrafta bak ønsket om behandling og korleis denne kan forståast.
Under utgreiingsfasen er det forventa at du lever i tråd med ditt opplevde kjønn og endrar sosial rolle i alle livssamanhengar, det som blir kalla røyndomserfaring (VE – «virkeligshetserfaring»). Dette for å kunne vurdere om det er det rette for deg, før oppstart på delvis irreversibel hormonell- og irreversibel kirurgisk kjønnsstadfestande behandling.
Vanlegvis blir 1 år vurdert som tilstrekkeleg utgreiingstid. Dersom du har omfattande psykososiale eller kroppslege utfordringar, vil dette kunne ha innverknad på lengda på utgreiinga.
Oppstart av hormonell/kirurgisk behandling på feil indikasjon kan få alvorlege irreversible konsekvensar.
Spørsmål og svar om utgreiing og behandling
Kva er ei nasjonal behandlingsteneste?
Helsestyresmaktene har bestemt at små pasientgrupper, som har behov for høgspesialiserte – og tverrfaglege tenester, skal ha tilbod om sentraliserte behandlingstilbod.
Kvifor finst det ei nasjonal behandlingsteneste?
- For å sikre god kvalitet på utgreiings- og behandlingstilbodet. Det kan vere vanskeleg å tilby gode tenester dersom det er få pasientar på kvar behandlingsstad.
- For å sikre likeverdig tilgang på gjeldande behandling
- Kostnadseffektivitet
- Hovudoppgåva til Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens er å greie ut psykiatrisk- endokrinologisk- og kirurgisk behandlingspotensial hos personar med kjønnsinkongruens i ungdom og vaksen alder.
Kva er det forventa av meg som pasient?
- Du må førebu deg på å reise til Oslo fleire gonger i løpet av utgreiings- og behandlingsforløpet.
- Du må møte til timane ved NBTK som avtalt og gi beskjed i god tid dersom du må endre time. Du vil belasta med dobbel eigendel dersom du ikkje gir beskjed dagen før.
Får eg dekt reisa?
Du må sjølv kontakte pasientreiser for avtale om kva slags transport og overnattingstilbod du har krav på. Reisene dine – og eventuelle overnattingar – blir dekte etter gjeldande reglar. Du må be om stadfesting på oppmøte, som kan leverast til skule eller arbeidsgivar.
Kva kostar behandlinga?
Utgreiinga og behandlinga er gratis, men du må betale ein eigendel på polikliniske timar og dagbehandling. Når du har nådd eigendelgrensa betaler du ikkje eigendel resten av inneverande år. Operasjonar som medfører at du må leggjast inn i sengepost, er gratis.
Kven kjem eg til å møte?
På Avdeling for kjønnsidentitetsutredning av vaksne jobbar vi tverrfagleg. Det vil seie at dei ulike behandlarane har ulik fagleg bakgrunn og ulike arbeidsoppgåver. Det kan til dømes vere spesialutdanna sjukepleiarar, psykologar og legar. Vi har samarbeidsmøte og drøftar pasientsaker saman. Vi set diagnose og kartlegg vidare behandling som blir tilrådd etter at vi har komme til ei semje i teamet. Du kjem derfor til å treffe ulike behandlarar under heile utgreiings- og behandlingsforløpet.
Kva er kriteria for diagnosen kjønnsinkongruens (Z -76.80 (ICD-10)) i ungdoms- og vaksen alder?
«..blir karakterisert av ein markert og vedvarande inkongruens mellom eit individs opplevde kjønn og tildelte kjønn, som ofte leiar til eit ønske om «skifte», for å leve og bli akseptert som ein person av det opplevde kjønn, ved hjelp av hormonbehandling, kirurgi eller anna helsehjelp for å få kroppen til å samsvare, så mykje som ønskjeleg, og i den utstrekninga det er mogleg, med det opplevde kjønn.»
Diagnostiske retningslinjer:
- Diagnosen kan ikkje stillast før puberteten.
- Diagnosen kan ikkje stillast på bakgrunn av åtferd eller preferansar utanfor norma for det tildelte kjønn åleine.
Kan eg bli avvist under utgreiinga?
Dersom vi vurderer at du ikkje oppfyller diagnosekriteria for kjønnsinkongruens, eller av ulike grunnar ikkje blir vurderteå kunne bli behandla hormonelt og/eller kirurgisk, vil du få tilbakemelding på dette, så tidleg som mogleg i utgreiingsprosessen. Dette kan til dømes vere på grunn av psykisk eller fysisk sjukdom eller overvekt.
Vi forsøker å ha ein open dialog med alle som kjem til oss, med kvar enkelt sine lokale behandlarar og pårørande. I nokre tilfelle må utgreiinga av ulike årsaker avsluttast, anten før oppstart av utgreiinga eller undervegs. Dette kan til dømes komme av psykososial ustabilitet, lågt funksjonsnivå, rusbruk eller problem med å komme i gang med VE. Når dette er tilfellet, vil vi i samarbeid med den lokale behandlaren din/fastlegen finne fram til eit eigna tilbod om oppfølging lokalt.
Nokon vel sjølv å avslutte utgreiinga av ulike årsaker og det er sjølvsagt heilt i orden. Til dømes kan nokre komme fram til at dei likevel er tilfredse med å leve i fødselskjønnet sitt, utan behandling. Dersom pasientforholdet ditt blir avslutta av oss, eller du sjølv ønskjer å avslutte, kan du bli tilvist på nytt når du har vorte friskare, fungerer betre dagleg, vekt ned- eller oppgang og/eller kjenner deg klar for å halde fram utgreiinga.
Kvifor er det viktig å vere psykososialt stabilt fungerande?
Hormonell og kirurgisk kjønnsstadfestande behandling er ein krevjande prosess, både psykisk og fysisk. Derfor er det forventa at du fungerer stabilt psykososialt ved oppstart på utgreiinga ved NBTK. Stemningsstabilitet og frustrasjonstoleranse er svært viktig. Av erfaring ser vi at pasientar opplever uønskte psykiske og kjenslemessige reaksjonar under oppstart på hormon. Dette kan til dømes vere depresjon eller stemningslabilitet.
Postoperative reaksjonar som depresjon eller angst finst også hos ein del pasientar. Dette kan få konsekvensar for det endelege operasjonsresultatet og langtidsprognosen.
Hormon og kirurgi vil hjelpe deg med tanke på kjønns-/kroppsdysforien, men symptom på depresjon, angst og så vidare, må behandlast psykoterapeutisk, og nokre gonger med medisinar.
For å komme seg greitt gjennom ein kjønnskonverteringsprosess er det viktig å ha gode rammer rundt seg, som familie, venner og dagleg organisert aktivitet. Det er også viktig å ha noko som opptek deg slik at ikkje alt i livet ditt dreier seg om utgreiings- og behandlingsprosessen – det kjem ein dag då du er ferdigbehandla. For å unngå ei oppleving av tomleik i etterkant av ein langvarig kjønnskonverteringsprosess, er det viktig å ha konkrete mål for næraste framtid.
Kva er røyndomserfaring (VE) og korleis går eg fram for å starte denne?
VE er ein psykososial prosess som inneber at du lever i ditt opplevde- eller psykologiske kjønn. Vi føreset at du, når du er klar for det, lever i ønskt sosial rolle i alle livssamanhengar.
Det finst inga universell «oppskrift» på korleis ein går fram. Du må prøve deg fram. Nokre ber familie og venner om råd. Andre oppsøkjer stylistar, ser i magasin, på nettet og observerer andre med tanke på klesstil og fakter.
Du må sjølv finne ut kva slags uttrykk som passar for deg, men eitt av måla med VE er at andre ser eller les deg slik du ønskjer.
Kvifor må eg gjennom VE?
Det er nødvendig å leve i det psykologiske kjønnet sitt i alle livssamanhengar for å sjå om dette fungerer for kvar enkelt, før ein set i gang med ein delvis irreversibel hormonell behandling og – seinare ei irreversibel kirurgisk behandling.
Prosessen sluttar ikkje når du er ferdigbehandla ved NBTK, men held på mange måtar fram livet ut. Omstilling etter kjønnskonverteringa er ein så omfattande prosess at det må vurderast om dette er noko du vil meistre også på lang sikt. VE vil bidra til at du får undersøkt korleis du evnar å tilpasse deg ny sosial kjønnsrolle, og om du opplever det som naturleg og rett.
Når og korleis endrar eg namn og juridisk kjønn?
Det er opp til deg når du ønskjer å gjere dette, men det kan vere til god hjelp i perioden du skal tilpasse deg å leve i endra sosial kjønnsrolle. Du kan sjølv gå inn på «Altinn» og søkje om å endre namn og juridisk kjønn. På nettsidene deira vil du finne beskriving av korleis du skal gå fram.
Ditt nye namn og personnummer vil endrast automatisk i alle offentlege register. Førarkort, pass og liknande må du sørgje for å endre sjølv.
Kva hjelpemiddel har eg krav på?
Dersom du oppfyller kriteria for kjønnsinkongruens, har du rettar med tanke på behandlingshjelpemiddel.
- Logoped (etter vurdering av lege, fastlegen viser til lokal PPT)
- Kompresjonsvest (indikasjon; Z-76.89, uspesifisert kjønnsinkongruens)
- Penisprotese («packer»)
- Penisprotese (seksualhjelpemiddel)
- NBTK sine legar vil hjelpe deg, i samarbeid med fastlegen din, med å søkje om dei behandlingshjelpemidla du har behov for.
Kva kan eg forvente av hormonbehandlinga?
Det er ventetid for å få ein førstegongssamtale med endokrinolog («hormonlege»). Det må søkjast inn til Helfo. Her tek det om lag 2 månadar før du får innvilga «blå resept». Du må ta blodprøvar og eventuelt få injeksjonar.
Kvifor må eg stå minst eitt år på hormon før eg kan tilvisast til kirurgi?
Hormonbehandlinga påverkar både kroppen og kjenslelivet. Nokre beskriv det som «å gå gjennom puberteten på nytt». Det kan for nokre personar ta nokre månader å bli stabilisert under hormonbehandlinga. Psykososial stabilitet under den hormonelle behandlinga aukar sjansane for at du vil komme deg gjennom den krevjande kirurgiske behandlinga på ein god måte, utan å bli psykisk ustabil. Kroppslege endringar under hormonbehandlinga kan påverke moglegheiter og val av kirurgisk metode (til dømes fjerning av bryst og genitalkonstruksjon).
Eg ønskjer barn med gena mine – kva er moglegheitene?
Forsking har vist at behandling med testosteron i lita grad vil påverke fertiliteten din.
Kirurgisk behandling – kva består tilbodet av?
- Fjerning av bryst
- Fjerning av eggstokkar og livmor. Dette er irreversibel kirurgi som vil ta frå deg moglegheita til å bli gravid og føde barn
- Konstruksjon av penis
Er det ventetid på den kirurgiske behandlinga?
Ja, men lengda på ventetid til operasjon vil variere. Dette kjem av at avviklinga av planlagd (elektive) operasjonar blir påverka av prioriteringar i akuttbehandling av pasientar med til dømes kreft, etter ulykker og generell driftsavvikling.
Dersom du har høve til å møte på kort varsel, kan det bli noko kortare ventetid. Det føreset at nokon avlyser si operasjonstid.
Kva hjelpemiddel har eg krav på?
Dersom du oppfyller kriteria for kjønnsinkongruens, har du rett på behandlingshjelpemiddel.
- Logoped (fastlegen kan vise til lokal PPT)
- Hårreduserande tiltak (ulikt tilbod avhengig av kva helseføretak du tilhøyrer)
- Brystprotesar, vulvaprotese
- Parykk
- AKV sine legar vil hjelpe deg med å søkje om dei behandlingshjelpemidla du har behov for. Fastlegen din kan også hjelpe.
Kva kan eg forvente av hormonbehandlinga?
Det er ventetid for å få ein førstegongssamtale med endokrinolog («hormonlege»). Det må søkjast inn til Helfo. Her tek det omlag 2 månader før du får innvilga «blå resept». Du må ta blodprøvar.
Kvifor må eg stå minimum eitt år på hormon før eg kan tilvisast til kirurgi?
Hormonbehandlinga påverkar både kroppen og kjenslelivet. Somme beskriv det som «å gå gjennom puberteten på nytt». Det kan for nokre personar ta nokre månader å bli stabilisert under hormonbehandlinga. Psykososial stabilitet under den hormonelle behandlinga aukar sjansane for at du vil komme deg gjennom den krevjande kirurgiske behandlinga på ein god måte, utan å bli psykisk ustabil. Kroppslege endringar under hormonbehandlinga kan påverke moglegheiter og val av kirurgisk metode (brystforstørring).
Eg ønskjer barn med gena mine – kva er moglegheitene?
Behandling med hormon kan påverke fertiliteten din negativt.
Dersom du ønskjer å fryse sæd blir det tilrådd at du gjer dette før oppstart på hormon og/eller antiandrogen. Legane våre kan tilvise deg.
Kirurgisk behandling – kva består tilbodet av?
- Brystforstørring (brystaugmentasjon)
- Konstruksjon av vagina (dette er eit omfattande og ikkje-reversibelt inngrep)
Blir det tilbode reduksjon av strupehovudet?
Nokre pasientar blir tilrådde dette, etter individuell vurdering.
Er det ventetid på den kirurgiske behandlinga?
Ja, men dette vil variere. Dette kjem av at avviklinga av planlagd (elektive) operasjonar blir påverka av prioriteringar i akuttbehandling av pasientar med til dømes kreft, etter ulykker og generell driftsavvikling.
Dersom du kan møte på kort varsel, kan det vere noko kortare ventetid. Det føreset at nokon avlyser si operasjonstid.
Behandling
Hormonell behandlingsfase
Når utgreiinga er ferdig og diagnosen er sett, kan du tilvisast til hormonell behandling hos endokrinolog (hormonlege). Målet for den hormonelle behandlinga er feminisering og maskulinisering, utan uakseptable medikamentbiverknader. Du med mannleg fødselsskjønn (M-K) blir tilboden østrogen- og antiandrogenbehandling (testosteronblokker). Du med kvinneleg fødselsskjønn (K-M) blir tilboden testosteronbehandling.
Under hormonbehandlinga blir du kalla inn til kontrollar ved AKV omlag kvar 4–6 md. Som oftast blir desse kontrollane samkøyrde med timane hos endokrinolog.
Oppstart på hormonell behandling utanfor NBTK
I samsvar med forskrifts og rettleiar for nasjonale behandlingstenester i spesialisthelsetenesta, blir alle sjukehus og helseføretak forplikta å vise pasientar til det behandlingstilbodet den nasjonale tenesta er tillagd ansvar for. Dei seinare åra har NBTS erfart at enkelte helseaktørar likevel set i gang hormonell og kirurgisk behandling før tilvising, eller samtidig med at pasienten blir greidd ut ved AKV.
Dersom du har starta kjønnsstadfestande behandling før eller undervegs i utgreiinga påverkar det validiteten av utgreiings- og diagnostikk og kan ha påverking på val av etterfølgjande behandling. Dette kan få alvorlege og irreversible konsekvensar for deg. Vi tilrår derfor å vente med oppstart på behandling til du er ferdige med utgreiinga ved AKV.
Kirurgisk behandlingsfase
Etter minimum 1 år på hormon, der du har vore stabilt psykososialt fungerande, blir du vurdert med tanke på kirurgisk behandling.
Aldersgrense for å gjennomføre kirurgisk kjønnsstadfestande behandling er 18 år. Det finst inga øvre aldersgrense, du blir vurdert individuelt.
Igangverande rusmisbruk og overvekt (BMI over 30) er absolutte kontraindikasjonar for kirurgi. Røykjer eller snusar du, må du vere nikotinfri før operasjonen.
Det kirurgiske tilbodet består av:
- M-K: Brystforstørrande kirurgi, reduksjon av strupehovudet, genital konstruksjon (vagina, 1–seanses operasjon).
- K-M: Brystfjerning, fjerning av eggstokkar og livmor, genital konstruksjon (penis)
Du blir under ventetida på kirurgi kalla inn til kontrollar hos lege, psykolog og sjukepleiar ved AKV, cirka kvar 6–8 md. Som oftast blir desse kontrollane også samkøyrde med timane hos endokrinolog.