Behandlar i LAR vil legge til rette behandlingsforløpet etter behova og ønska dine.
Du får tilbod om terapeutiske samtalar. Temaa i slike samtalar kan vere meistring av rus og tilbakefall til, kartlegging av psykisk og fysisk helse, og handtering av problem og belastningar i kontakten din med andre menneske og i kvardagen din. Du kan også få tilbod om terapeutiske samtalar om traumatiske erfaringar og behandling for angst og depresjon.
Vi følger opp den fysiske helsa di i samarbeid med fastlegen din. Det blir etablert ei ansvarsgruppe som består av deg, fastlegen din, behandlaren din i LAR, ein eventuell kontakt i kommunen eller andre relevante personar.
Vi utarbeider saman ein behandlingsplan for at du skal kunne oppnå måla dine. Vi legg til rette for samarbeidsmøte om viktige tema, som eigna bustad, aktivitetar i kvardagen, forholdet til andre menneske, økonomi og psykisk og fysisk helse. Vi evaluerer jamleg verknaden av legemiddelet du får føreskrive, for at du skal ha best mogleg effekt av behandlinga.
Legemiddelet (opioidet) i behandlinga er gratis. Andre tilbod som er gratis er hepatitt C-behandling, tannbehandling og langtidsprevensjon for kvinner.
Når du ikkje lenger har behov for kontakt med behandlaren i LAR, kan fastlegen din følge opp opioidbehandlinga. Ansvaret for LAR-behandlinga ligg likevel hos legen i tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB). Vi ønsker derfor jamlege møte med fastlegen din. Oppfølginga til fastlegen av pasientar i LAR, skal altså alltid skje i nært samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Om du ønsker å avslutte behandlinga, skal vi legge til rette for det. Vi åtvarar derimot mot å avslutte med mindre det er god grunn til å tru at du vil klare deg utan opioid.
Om behandlinga ikkje har effekt på deg, eller om ho ikkje lèt seg gjennomføre på forsvarleg måte, kan vi vurdere det slik at behandlinga må avsluttast.
Ei eventuell nedtrapping blir planlagd og gjennomført i samarbeid mellom deg og lege i tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB). Du blir følgd opp med tett rådgiving og støtte under og etter nedtrapping for å redusere risikoen for tilbakefall.