We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
ERM
Early Recogniton Method
Early recognition method (ERM) går ut på å fange opp tidlige forvarsler på vold, og ved hjelp av planlagte tiltak forhindre tilbakefall. Metoden benyttes mest hos pasienter som har utfordringer knyttet til vold eller selvvold, men kan også benyttes til å forebygge tilbakefall i forbindelse med rus, psykose og annen uønsket atferd.
Før
Forvarsel
Ei krise oppstår sjeldan frå éin augeblink til ein annan. I timar, dagar eller veker før ei krise oppstår, kan det vere teikn på at ei krise bygger seg opp. Vi kallar det forvarsel.
Forvarsel kan vere forandringar i tankemønsteret ditt, korleis du kjenner deg eller at du oppfører på ein spesiell måte, du kan for eksempel vere rastlaus, irritabel eller isolere deg.
Når forvarsel oppstår hos deg kan du vurdere å gjere tiltak som hindrar at dei aukar og blir verre. Du kan snakke med personalet om korleis det kan gjerast.
Førebygging er betre enn behandling
Å oppleve og erfare kriser som for eksempel vald og aggresjon er ofte frustrerande og vondt for alle som er innblanda. Det er derfor viktig å prøve å forhindre at slike kriser gjentar seg. Forsking og erfaring viser at det å jobbe med ERM kan verke førebyggande.
Du kan lære deg å kjenne igjen forvarsla dine og saman med hjelparane dine lære kva du, og eventuelt andre, kan gjere eller bidra med for at du skal bli stabil igjen.
Under
«Min ERM-plan»
Det overordna målet med ERM er at du som pasient deltar og prøver å identifisere eigne forvarsel og set i verk eigne stabiliserande tiltak. På den måten får du innsikt i eigen situasjon, blir betre kjent med deg sjølv, får eigarskap til eigen plan, lærer å kjenne igjen eigne forvarsel og åtferdsmønster og kva som effektive tiltak når forvarsla bygger seg opp.
Eksempel på tiltak kan vere å snakke med nokon, spele spel, høyre på musikk, trene og gå tur.
I arbeidet med å identifisere forvarsel og lage planar for førebygging av vald og utagering, er brukarmedverknad og samhandling mellom miljøpersonell og pasient, og nokre gonger familie og nettverk, av stor betydning.
Ein ERM-plan inneheld:
Beskriving av forvarsla dine før ei krise oppstår.
Beskriving av dine sårbarheitsområde som kan vere situasjonar der du er meir utsett for tilbakefall, destabilisering (for eksempel om natta, ved kontakt med spesielle miljø, ukjent personale, relasjonsbrot etc.)
Beskriving av stabiliserande faktorar som er faktorar du opplever som beskyttande i ei mogleg krise.
Beskriving av tiltak du og andre (personale og eller pårørande) kan gjere eller la vere å gjere for å hindre at ei krise oppstår.
Vi jobbar med å identifisere forvarsla som viser seg før ei krise oppstår. Om vi klarer det, kan vi gjennomføre førebyggande tiltak. Eit anna fokus er å bidra til at du får tilbake di indre ro og stabilitet.
I tilfelle der pasienten ikkje ønsker eller er i stand til å delta i dette arbeidet, vil personalet jobbe med ERM på vegner av pasienten. Dei vil då på, bakgrunn av observasjonar og vurderingar, prøve å identifisere forvarsla til pasienten.
Kva kan du gjere om du opplever at forvarsla byggjer seg opp?
Om du kjenner forvarsla komme, er det viktig at du diskuterer det med personalet så tidleg som mogleg. Saman kan de vurdere kva tiltak som er best å gjennomføre, slik at du får tilbake indre ro og balanse. For å kunne vere førebudd på at ei krise kan skje, vil du og personalet lage ein tiltaksplan som kan brukast dersom det skulle bygge seg opp mot ei krise. Tiltaka er ein viktig del av å førebygge tilbakefall.
Skulle ei krise oppstå er det viktig å ha ein plan for kva du og personalet skal kunne gjere.
Korleis blir «ERM-planen» brukt?
Først må du og personalet lage ein plan, som kan bidra til at du ikkje får tilbakefall. Planen heiter «ERM-planen min», fordi det er din plan. I løpet av den neste tida vil de ha fleire samtalar for å lage planen. Om du ønsker det, kan du ta med nokon frå familien eller nettverket ditt som står deg nær, til å vere med å lage planen. Dei blir berre invitert til å vere med om du ønsker det.
ERM består av fire fasar:
1 Førebuing og informasjon
Målet er å vere godt førebudd før du startar. Du og personalet vil utveksle informasjon og gjere avtalar på korleis ERM-planen skal utformast. De vil gå gjennom ein eigen introduksjonsdel, som forklarer meir kva ERM er. Det er viktig at du kjem med eigne ønske og forventningar til korleis dette skal gjerast.
2 Lage ERM-planen
Planen skal identifisere, kartlegge og beskrive forvarsla dine, sårbarheitssamanheng og tiltak. Du og personalet (og kanskje familie/nettverk), lagar ei liste over dei forvarsla du kjenner når du begynner å få tilbakefall. Du beskriv dei tidlege teikna du kjenner igjen før ei krise, og personale, eventuelt familie, beskriv dei teikna dei observerer.
Målet er at de oppnår ei einigheit om kva forvarsel det er viktigast at de jobbar vidare med. Forvarsla blir delte inn i tre nivå etter alvorsgrad. Nivå 1 er normal/stabil, nivå 2 er moderat og nivå 3 er alvorleg. Du skårar deg på eitt av dei tre nivåa.
3 Korleis bruke ERM-planen?
I samarbeid med personalet lærer du å kjenne igjen forvarsel og beskrive førebyggande tiltak i kvardagen. Tiltak er konkrete handlingar som du, personalet eller eventuelt nokon i nettverket ditt kan sette i verk for å unngå destabilisering og for å oppnå eller vareta ein stabil fase. Du bruker eit skjema der kvart av forvarsla dine er graderte i nivå kor sterkt dei påverkar deg den dagen eller den perioden.
4 Overgang til neste behandlingsstad eller ut i eigen bustad
Saman med personalet skal du lage ein tiltaksplan. Dette er tiltak som du, personalet eller eventuelt nokon i nettverket ditt kan sette i verk når du kjenner forvarsla auke og det er fare for at du opplever tilbakefall. Målet er at du sjølv skal gjere tiltak for å bli stabil og at du ikkje skal få tilbakefall. Ved å kjenne igjen forvarsel på eit tidleg tidspunkt blir du gitt høve til å nytte eit breiare sett med tiltak for å prøve å forhindre at forvarsla aukar og blir verre.
Etter
Du utarbeider og bruker planen saman med helsepersonell under innlegginga og etter kvart kan du bruke planen sjølvstendig, også når du er skriven ut.
ERM-planen din kan bidra til å sikre gode overgangar når du blir skriven ut frå spesialisthelsetenesta. Den kan også sikre samhandling mellom avdeling spesialpsykiatri, pasienten, behandlarar ved poliklinikkane, kommunale hjelparar, DPS eller andre samarbeidspartnarar.