We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Rehabilitering og mestring ved kreftsykdom

Kreftsykdom kan påvirke livssituasjonen på mange måter; fysisk, mentalt, praktisk og sosialt. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og mestring helt fra begynnelsen av behandlingen. Målet er å fungere og ha så god livskvalitet som mulig under og etter kreftsykdom.

Det finnes en rekke tilbud som kan hjelpe deg med å komme tilbake til hverdagen under og etter kreftsykdom, blant annet rådgivning, fysioterapi, sexologisk rådgivning, opptrening og kurs.

Før

Om nokon av tilboda krev førebuingar, får du beskjed om det.

Under

Lista nedanfor er ei oversikt over kva rehabiliteringstilbod som kan vere aktuelle der du bur. Ta kontakt med fastlegen din eller ditt lokale sjukehus for å finne ut kva som er tilgjengeleg der du bur og/eller blir behandla.

 

Har du behov for tilrettelegging heime og/eller tekniske hjelpemiddel som følge av sjukdommen, kan du få hjelp av ein ergoterapeut. Ergoterapeuten hjelper med å finne ut kva du treng, søker om tekniske hjelpemiddel, og formidlar kontakt med det lokale hjelpeapparatet.

Eit sunt og variert kosthald er viktig gjennom heile livet for at kroppen skal få i seg dei næringsstoffa han treng. Ved kreftsjukdom og behandling aukar ofte behovet for næringsstoff, samtidig som appetitten blir redusert. Dette kan gjere det vanskeleg å få i seg nok og rett mat. Ufrivillig vekttap over tid vil minske motstanden mot infeksjonar, gi redusert livskvalitet og kan føre til at eventuelle sår gror saktare.

Om du ikkje klarer å få i deg nok mat, kan legen din tilvise deg til ein klinisk ernæringsfysiolog. Ein klinisk ernæringsfysiolog har spesialkompetanse om kosthald ved sjukdom. Ho/han tilpassar ernæringsbehandlinga til behova dine. Det kan for eksempel dreie seg om å berike og tilpasse konsistensen på maten, auke talet på måltid, eller supplere kosthaldet med næringsdrikker, sondeernæring og intravenøs ernæring.

Nokre pasientar blir automatisk tilviste til klinisk ernæringsfysiolog fordi sjukdommen og behandlinga dei får vanlegvis medfører utfordringar med mat.

Hensikta med fysioterapi er å hjelpe pasientar med å meistre fysiske funksjonar, samt å motverke komplikasjonar og seineffektar av kreftsjukdom og/eller behandling.

Lungefysioterapi er ein viktig del av behandlingstilbodet. Hensikta med behandlinga er å førebygg lungekomplikasjonar etter operasjon og å behandle allereie oppståtte lungeproblem. Fysioterapibehandlinga starter på intensivavdelingane eller på sengepostane, og følgast opp med opptrening i treningssal og/eller på pasientrom etterpå.

Fysioterapeutane behandlar først og fremst pasientar som er innlagd på sjukehuset. Dei samarbeida tett med legar og sjukepleiarar og følger opp pasientane under heile sjukehusopphaldet dersom det er behov for det. All fysioterapibehandling skjer etter tilvising frå lege.

Mange sjukehus tilbyr lærings- og meistringskurs til kreftpasientar og deira pårørande. Dette er tilbod til pasientar som ønsker kunnskap og kompetanse om sjukdommen og behandlinga si, saman med dei pårørande. Formålet er at du får kunnskap nok til å kunne medverke i eigen behandlings- og rehabiliteringsprosess og til å kunne ta sjølvstendige val.

Kursa gir informasjon om sjukdom og behandling, råd om livsstil og hjelp til å meistre sjukdom og fremje eiga helse. Du vil møte pasientar og pårørande som er i same situasjon, og du får høve til å dele refleksjonar og erfaringar.

Alvorleg og langvarig sjukdom kan vere ei stor påkjenning. Mange vil oppleve stressande symptom i kvardagen, og nokon kan utvikle angst og depressive symptom. Fleire får også symptom som fører til nedsett funksjon i kvardagen. Dette kan føre til depresjon og angst. Det finst ulike alvorsgrader av angst- og depresjonslidingar.

Angst og depresjon kan bli betre ved hjelp av psykiatrisk behandling, som for eksempel samtalebehandling. Nokon vil i tillegg ha nytte av medisinar. Psykiatrar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiar ved mange av dei store sjukehusa arbeider tett saman om å behandle angst og depressive lidingar hos kreftpasientar.

Mange kan oppleve generelle stressande symptom i kvardagen. Da kan det vere nyttig med støttesamtalar om tankar og kjenslemessige reaksjonar som sjukdom kan føre med seg, og om endringar i familie- og livssituasjon. Både psykiater, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og sosionom kan gi generell støttesamtale. Sosionomane kan i tillegg rettleie deg om økonomi og rettar.

Dersom du trur du kan ha nytte av psykiatrisk behandling for angst og depresjon, eller har behov for støttesamtalar, snakk med kontaktsjukepleiaren din eller behandlande lege, som kan tilvise deg.  

Pusterom er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon. Dei tilsette på Pusterommene har spesialkompetanse innanfor fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram. Kvart Pusterom har eigne timeplanar og opningstider.

Ved å klikke på lenka nedanfor kan du få ei oversikt over kva for nokre av sjukehusa i landet som har Pusterom, og meir detaljert informasjon tilbodet.

Les meir om tilbodet til pusteromma



Kreftsjukdom og kreftbehandling kan påverke sexlivet. Dette kjem blant anna av hormonendringar, nerveskadar, seineffekter etter strålebehandling og cellegift/kjemoterapi, fatigue (utmatting) og endra kroppsbilde.

Mange av dei store sjukehusa tilbyr sexologisk rådgiving av ein erfaren kreftsjukepleiar som er spesialist i sexologisk rådgiving. Du kan få råd og hjelp knytt til ereksjonsproblem, manglande sexlyst, smerter ved samleie, endra sjølvbilde, eller råd om korleis du og partnaren din kan snakke saman om desse utfordringane. Du kan komme aleine eller saman med partnar.

Dersom dette er eit tilbod du trur du kunne ha nytte av, snakk med legen din, som kan tilvise deg.

Er du, eller har du vore ramma av kreft, kan det vere veldig motiverande og helsefremjande å vere med på trening som er spesielt tilrettelagd for kreftramma. Mange kommunar har eigne treningstilbod til kreftpasientar.

Vardesentera er opne for alle som er, eller har vore, ramma av kreft. Sentera blir drivne av dei største sjukehusa og Kreftforeningen i fellesskap, og tilbyr både individuelle samtalar og eit stort utval aktivitetar, kurs og temamøte. På Vardesenteret kan pasientar møte og snakke med andre i same situasjon. Målet er å bidra til at kreftramma får eit aktivt kvardagsliv under eller etter kreftsjukdom eller behandling.

Les meir om Vardesentera

Alvorleg og langvarig sjukdom kan påverke livssituasjonen på mange område i livet. Nokon kan også oppleve praktiske utfordringar knytte til utdanning, arbeidsliv, økonomi, bustad eller heimesituasjon.

Sosionomar tilknytte sjukehusa kan hjelpe deg med å meistre desse endringane og gi råd og rettleiing om kva ordningar som passar for deg og kva rettar du har. Sosionomane kan også gi støttesamtalar.

Dersom du ønsker å snakke med ein sosionom, kan du be legen eller kontaktsjukepleiaren din om å tilvise deg.

Kontakt

Ahus Nordbyhagen Onkologisk avdeling

Kontakt Onkologisk avdeling

Oppmøtested

Vi utfører behandlinger flere steder. Se innkallingsbrevet ditt for oppmøtested.

Oversiktsbildet Sykehuset på Nordbyhagen

Ahus Nordbyhagen

Transport

The bus stops right next to the main building. Lines 100, 110, 300, 310 and 385 go to and from Oslo and Lillestrøm.

See timetables at ruter.no or call 22 05 70 70.

Taxi

There is a taxi rank in the parking lot by the main entrance. Taxis can be ordered at the main reception.