All strålebehandling er individuelt tilpassa kvar enkelt pasient. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam beståande av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar.
Vi vurderer sjukdomsbildet og avgjer kva område som skal behandlast, kor høg stråledose vi skal gi og talet på behandlingar.
Vi startar vanlegvis med å ta CT-bilde av den delen av kroppen din som vi skal behandle. CT-bilda blir brukte til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg (doseplan). Nokon skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (det vil seie eit røntgenkontrastmiddel sett inn i ei blodåre) ved CT-undersøkinga.
På CT vil det bli teikna med tusj på huda di, og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.