Heime
Frejkas pute skal brukast heile tida, og skal berre takast av under stell av barnet.
Unngå å løfte eller strekke barnet etter beina, og unngå å presse beina saman. Når du skiftar bleie og liknande, løftar du barnet med éi hand under setet. Lengda på barnet skal ikkje målast så lenge barnet bruker puta, og vi anbefaler ikkje babysvømming i denne tida.
Vi anbefaler at barnet ligg på ryggen om det er fødd med hofteleddsdysplasi, men dei første to–tre vekene etter fødselen kan du gjerne legge barnet litt over mot sida, ved for eksempel å legge eit samanrulla teppe bak den eine sida av ryggen og setet. Du bør veksle mellom høgre og venstre sideleie.
Ved kjøp av ny barnevogn, unngå å kjøpe ei smal vogn. Det same gjeld for bilsete.
Oppfølging på sjukehuset
Same dag som puta blir tilpassa barnet, blir det avtalt tid for kontroll allereie etter to til tre veker for å vere sikker på at puta fungerer bra. Deretter blir kontroll avtalt når barnet er seks veker og når barnet er tre månader.
På tremånaderskontroll tar vi som regel ei ny ultralydundersøking, i tillegg til vanleg legeundersøking. Om resultatet frå undersøkingane er normal, vil putebehandlinga avsluttast. Da kallar vi inn til ei siste undersøking med vanleg legeundersøking og røntgenundersøking etter tre månader til.
Av og til er det nødvendig å forlenge putebehandlinga eller halde fram med ei skjene av plast (hofteleddortose).
Alle barn som blir opererte for hofteleddsdysplasi skal følgast opp av sjukehuset med jamlege kontrollar, ofte heilt til dei er utvaksne. Oppfølginga vil tilpassast kvar enkelt.
Oppfølging på helsestasjon
Som regel følger vi berre opp barnet til det har vore utan pute eller ortose i tre til fire månader. Da sender vi eit brev til den lokale helsestasjonen der vi fortel om behandlinga barnet har fått, og ber om kontroll av hoftene på dei vanlege legekontrollane.