Fosterbevegelsar og spark
Etter svangerskapsveke 18 vil dei fleste gravide dagleg kjenne fosterbevegelsar og spark. Du vil etter kvart lære deg barnets rytme og aktivitetsmønster. Nokon foster / barn er meir aktive delar av dagen, andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, eller når mor er i aktivitet eller nett har ete og lignande. Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet beveger seg / sparkar minst 10 gonger dagleg.
Etter kvart som magen veks og det blir mindre plass til bevegelse i livmora, vil du kjenne barnets aktivitet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet - men du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet.
Ver merksam
Er du usikker på om barnet sparkar eller beveger seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, så kan du prøve å framkalle aktivitet. Gjer noko som du veit pleier å vekkje barnet; sett på musikk, drikk ein søt og kald drikke eller lignande. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra.
Får du ikkje ønska respons frå barnet, bør du kontakte jordmor, lege eller fødeavdelinga for å få ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.