Måling av blodsukkeret
Dersom resultata frå glukosebelastningstesten eller måling av langtidsblodsukker viser at du sjølv bør starte med eiganmåling av blodsukkeret jamleg, vil du få opplæring i dette sjølv og ei oversikt som viser når og kvar ofte du skal måle.
Resultata frå blodsukkermålingane dine blir vurderte når du kjem til svangerskapskontroll. Dersom det er nødvendig å gjere noko for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane, vil du få hjelp til dette.
Du bør måle blodsukkeret ditt tre gonger dagleg og notere resultatet for kvar gong:
- før frukost (fastande)
- 2 timar etter at du begynner å ete frukost
- 2 timar etter at du begynner å ete middag
Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l når du er fastande, og under 6,7 mmol/l to timar etter måltid.
Dersom du måler 3–4 blodsukkerverdiar i løpet av 2–3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset/diabeteslege for å bli vurdert om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.
Kost og aktivitet
Om det viser seg at du har svangerskapsdiabetes er det viktig at du følger dei råda du får om kosthald, livsstil og aktivitet, og at du møter til dei kontrolltimane du får. Dette er viktig for helsa di og veksten til barnet og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.
Dei fleste med svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået ved å legge om kosthaldet og vere i regelmessig fysisk aktivitet. Det er anbefalt minst 30 minutt (gjerne 1 time) fysisk aktivitet av moderat intensitet dagleg.
Alle gravide blir anbefalte å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av foredla kjøtt, raudt kjøtt og matvarer med mykje metta feitt, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamt blodsukker er det bra å ha regelmessige måltid, og fordele maten over fleire måltid.
Mål for vektauke i svangerskap:
Anbefalt vektauke
- BMI < 18,5kg/m²: 12,5-18 kg
- BMI 18,5 - 24,9 kg/m²: 11,5 til 16 kg
- BMI 25 - 29,9 kg/m²: 7 til 11 kg
- BMI 30 kg/m² - *: 5 til 9 kg
Hugs at kombinasjonen av fedme og svangerskapsdiabetes meir enn doblar risikoen for svangerskaps- og fødselskomplikasjonar enn om den gravide berre har éin av tilstandane.
Medikamentell behandling av svangerskapsdiabetes
Medikamentell behandling (perorale antidiabetika eller insulin) bør vurderast av endokrinolog dersom 2 eller fleire eigenmålingar er over behandlingsmåla (fastande ≥ 5,3 mmol/l; 2 timar etter måltid ≥6,7 mmol/l) i løpet av ei veke, eller tre eller fleire målingar i løpet av to veker, der ytterlegare innstramming/endring av kost ikkje er tilrådeleg.
Igangsetting av fødsel (induksjon)
Ved svangerskapsdiabetes som er godt regulert med kosthald og fysisk aktivitet, kan ein vente til fødselen startar av seg sjølv. Det er ikkje nødvendig med igangsetting så lenge mor elles er frisk.
Dersom ein bruker medikament for å halde blodsukkeret normalt blir det anbefalt igangsetting av fødsel rundt svangerskapsveke 39 fullgåtte veker.
Induksjon (igangsetting) av fødsel