Når undersøkinga er ferdig, legg vi ein bandasje over innstikkstaden i lysken eller på halsen. Den skal ligge på til morgonen etter.
Dersom undersøkinga er gjort via lysken, skal du normalt vere sengeliggande i to timar etter at undersøkinga er ferdig. Dette får du nærmare beskjed om. Den første timen skal du ikkje bruke magemusklane. Det vil seie at du skal halde hovudet på puta, og ikkje løfte overkroppen. Dette er for å unngå trykk mot innstikkstaden, som kan føre til bløding.
Dersom undersøkinga er gjort via blodåre i armen eller på halsen, kan du stå opp med ein gong. Du skal ikkje bøye hovudet framover den første halvtimen dersom vi har gått inn via halsen. Dette er for å unngå bløding. Det kan vere litt ømt og hovent på halsen. Du får ein liten bandasje over innstikkstaden som du kan fjerne morgonen etter. Du kan ete og drikke rett etter undersøkinga, dersom du ikkje har fått annan beskjed.
Dersom komplikasjonar kan oppstå?
Komplikasjonar skjer ikkje ofte, men nokre kan få blodtrykksfall som går over. Bløding og blåmerke på innstikkstaden kan skje. Det er derfor viktig at du held deg i senga i anbefalt tid etter undersøking.
Når kan du reise frå sjukehuset?
Dersom du ikkje skal til andre undersøkingar, kan du vanlegvis reise heim same dag. Før du reiser, skal du snakke med ein lege.
Har du fått roande medisin, kan du ikkje køyre bil same dag.