Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Biopsi av nyre etter nyretransplantasjon

Det er flere grunner til å ta biopsi av den transplanterte nyren, det kan være ved mistanke om avstøtning eller som kontroll. De fleste som blir nyretransplantert, får tatt biopsi flere ganger.

Før

Det er vanlegvis ingen andre førebuingar enn blodprøver til denne undersøkinga. Om du bruker blodfortynnande medisinar, må du eventuelt stoppe med desse etter avtale med nyrelegen din. Du tar dei vanlege medisinane dine same dag som biopsien skal gjerast. Du treng ikkje å faste.

Under

Ultralyd blir gjord på røntgenavdelinga, og er ei smertefri undersøking som blir utført ved hjelp av lydbølger som ikkje gir ubehag eller stråling. Eit lydhovud blir ført på huda rundt og over transplantatet. Legen kan sjå nyra, nyrebekken, urinleiar og blodårane til og frå nyra. Legen kontrollerer om urinen renn uhindra frå nyra til blæra, og om blodet strøymer fritt til og frå nyra.

Sjølve biopsien blir gjord på røntgenavdelinga, ved hjelp av ultralyd. Røntgenlegen bedøver huda med lokalbedøving. Den nye nyra har ikkje nervar og kjenner derfor ikkje stikk. Du ligg på ryggen. Under rettleiing av ultralyd stikk legen ei tynn nål inn til kanten av nyra og så blir det «skote» ei mykje tynnare nål inn i nyra og tar ut ei lita vevsprøve. For å få nok materiale blir det oftast tatt minst to vevsprøver (biopsiar).

Sjølve undersøkinga tar vanlegvis cirka 30 minutt.

Etter

Etter prøvetakinga skal du ha sengeleie i to timar, og deretter vere i avdelinga i éin time.

Det blir målt blodtrykk eit par gonger etter undersøkinga, og ein lege skal undersøke deg før du kan få stå opp. Du skal også ha tissa før du forlèt avdelinga. Du kan vanlegvis ete og drikke etter undersøkinga.

Om du ikkje allereie er innlagd på sjukehuset kan du reise heim om du bur i Oslo eller nærområdet rundt Oslo. Du kan ikkje køyre bil heim sjølv etter biopsien. Bur du lengre unna må du vere på pasienthotellet over natta.

Du bør ta det med ro resten av dagen etter biopsi.

Det er ein liten risiko for bløding i samband med biopsitakinga, men det er sjeldan. Ved mistanke om bløding er det aktuelt med vidare observasjonar og eventuelt innlegging på sjukehuset dersom du ikkje allereie er inneliggande. Etter undersøkinga er det vanleg å vere litt øm over stikkstaden, dette forsvinn etter nokre timar.

Svar på biopsien er (om nødvendig) klar same kveld eller dagen etter. Av og til kan det ta lengre tid dersom det skal gjerast spesielle analysar.

Vær oppmerksom

Etter biopsien skal du vere merksam på:

  • smerter eller ubehag i magen
  • blod i urinen
  • bløding frå innstikkstaden
  • mindre urin
  • generelle symptom som feber, svimmelheit og høg puls

Dersom du får nokre av desse plagene etter biopsien må du seie frå til sjukehuset – enten Rikshospitalet eller ditt eige lokalsjukehus – med éin gong!

Sist faglig oppdatert 22.05.2025

Kontakt

Ahus Nordbyhagen Nyresykdommer poliklinikk

Kontakt Nyresykdommer poliklinikk

Oppmøtested

Behandlingsbygg 2, 3. etasje (B203).

Inngang 1.

Oversiktsbildet Sykehuset på Nordbyhagen

Ahus Nordbyhagen

Transport

Vi har parkering mot avgift for pasienter, pårørende og besøkende i 1. etasje av parkeringshuset, som ligger cirka fem minutters gange fra hovedinngangen. Gangveien fra parkeringshuset til sykehuset er skiltet. Det er også nærparkering på plassen foran hovedinngangen og Nye nord-bygget.

Mer om parkering

Buss

Bussen stopper like ved hovedbygget. Linje 100, 110, 300, 310 og 385 går til og fra Oslo og Lillestrøm.

Se rutetider på ruter.no eller telefon 22 05 70 70.

Taxi