På sjukehuset
Dersom du blir vist til sjukehus, vil du først bli stilt nokre spørsmål knytt til covid-19. Dette inneber å svare på ein del spørsmål for at sjukehuset skal kunne vurdere om du må bli tatt imot som ein muleg smitta pasient. Spørsmåla kan vere:
- Har du fått påvist covid-19?
- Har du hatt nærkontakt med ein person som har fått påvis koronaviru?
- Har du hoste, tungpust eller feber?
- Har du diare, oppkast, eller tap av lukt- og smakssans?
Viss du svarer ja på eit av disse spøssmåla og utgreiinga eller behandligna ikkje kan vente, vil du bli testa for covid-19.
Test for covid-19
Helsepersonell iført smittevernutstyr vil føre ein pensel ned i bakre svelgvegg og holde den der i cirka fem sekundar. Deretter blir den same penselen ført forsiktig inn langs botn av naseholet til den støyter mot bakre del av nasen, og den vil bli halden der i cirka fem sekundar. Testen kan vera litt ubehageleg.
Tilstanden din avgjer kvar du skal opphalde deg imedan du ventar på resultatet av testen.
Dersom du er henvist til sjukehuset skal du følgje med på din kommune sin nettside for informasjon om testing for covid-19.
Innlegging på sjukehus
Dei fleste pasientane treng ikkje å bli innlagd på sjukehus dersom dei har moglegheit for godt tilsyn og oppfølging der dei bur. Graden av tungpust er det mest kritiske i vurderinga om du har behov for innlegging på sjukehus. Det skal vere låg terskel for ny kontakt ved forverring av pust eller allmenntilstand.
Dersom du testar positivt på covid-19-testen og treng sjukehusinnlegging, blir du lagt inn på isolat på sengepost. Fleire pasientar med påvist covid-19 kan ved behov bli isolerte på same rom. Dette blir kalla kohortisolering.
Det er som hovudregel berre helsepersonell som er direkte involverte i pasientbehandlinga som skal ha åtgang til pasientrommet.
Det er ikkje lenger besøksrestriksjonar på sjukehuset. Om de planlegg besøk er det viktig å avtala med avdelinga slik at de blir rettleide i nødvendige smittevern-rutiner. Dersom pårørande er i risiko-gruppe bør behovet for besøk vurderast ut frå tilstanden til pasienten.