Å stille diagnosen psykisk liding hos personar med utviklingshemming er komplisert og krev samarbeid mellom familie, helsetenesta i kommunen og sjukehus. Det er særleg viktig å sjå på utviklingsforløpet for å finne ut når sjukdommen starta. Kor langvarig problema har vore, gir ein peikepinn på korleis behandlinga bør vere. Personar som har hatt psykisk liding i fleire år som ikkje har vore oppdaga, kan trenge langvarig behandling.
Ei særleg utfordring ved å stille ein diagnose er det at symptom på ulike psykiske lidingar liknar på kvarandre. Det vil seie at same symptom gir grunnlag for å mistenkje fleire tilstandar. Til dømes kan energitap (kraftløyse) koplast til både depresjon og schizofren psykose. Det er også slik at på same måte som i befolkninga elles, så har personar med utviklingshemming gjerne symptom på fleire psykiske lidingar samtidig. Til dømes har personar med psykotisk liding vanlegvis symptom på angst, depresjon eller tvangsliding i løpet av sjukdomsforløpet.
Utgreiing av psykisk liding hos dei med utviklingshemming er vanskeleg av fleire grunnar. Først og fremst grunna vanskar med å fortelje om symptoma (teikn på sjukdom). Utgreiing av psykisk liding i den generelle befolkninga baserer seg vanlegvis på to kjelder: Personen sjølv fortel om plagene og symptoma sine, og vi observerer endra åtferd. Når den eine hovudkjelda til informasjon er avgrensa, vil utgreiing og diagnostisering basere seg på observasjon av åtferd, i tillegg til informasjon frå personar som har kjent personen over lang tid.
At personen sjølv ikkje kan fortelje om kjernesymptom, til dømes oppleving av angst eller sansebedrag (hallusinasjonar), gjer at prosessen med å setje ein diagnose, kan ta lang tid. Diagnosar som blir stilte hos personar med meir alvorleg grad av utviklingshemming, medfører alltid uvisse.
Dersom endra åtferd ikkje blir sett på som eit tilleggsproblem, men som ein del av funksjonshemminga, kan psykisk liding blir oversett. Dette gjeld spesielt stress-symptom, søvnforstyrring, uro, irritabilitet og verbal eller fysisk aggresjon. Slike vanskar aukar med alvorsgrada av utviklingshemming og også samtidig autismespekterforstyrring.