Planlagt keisarsnitt
Om det blir bestemt at du skal ha keisarsnitt, blir barnet fødd litt før termin – termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal bli utført, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, alt etter kva som er årsaka til operasjonen.
Når datoen for keisarsnitt er bestemt, får du informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar du må gjere i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du møter på sjukehuset dagen før eller nokre dagar før operasjonen for å ta blodprøver, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Etter dette kan nokon dra heim og komme tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen – mens andre blir på sjukehuset fram til operasjonsdagen.
Bedøving
Ved planlagt keisarsnitt er det vanlegaste at du får epidural- eller spinalbedøving. Vi gir bedøvinga på operasjonsstua. Du kan da vere vaken under operasjonen, men ser ikkje kva legane gjer og kjenner inga smerte. Du får høyre det første skriket til barnet, får sjå og om mogleg halde barnet like etter det er fødd. Følgespersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.
Når barnet er født
Med det same barnet er fødd, blir det tørka og lagt på brystet ditt, dersom du og barnet er i form til det. Fysisk hudkontakt like etter fødselen kan vere viktig for å etablere amming og tilknyting. Partnar kan også bidra med hudkontakt dersom du ikkje er i form til dette.
Akutt keisarsnitt
Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.
Om din eller barnets situasjon er slik at inngrepet må skje med éin gong, er rask handling viktig. Det gjer at informasjonen du får under det akutte keisarsnittet ikkje alltid vil vere komplett. Du får da ein samtale etter operasjonen der du får informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor.
Bedøving
Når akutt keisarsnitt er bestemt, blir du så raskt som mogleg køyrd i seng til operasjonsstua. Anestesilege og fødselslege bestemmer kva bedøving du skal ha. Du er vaken under operasjonen, og følgespersonen din kan som oftast vere med.
Om du må få narkose, kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstua. Da vil følgespersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Det tar kort tid frå operasjonen startar til barnet er fødd. Heile operasjonen kan ta cirka 30–60 minutt. Om barnet ikkje treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgesperson ha barnet hos seg til operasjonen er over.