Om du bruker blodfortynnande medisinar, kan det hende at du må slutte med desse eller få andre medisinar før operasjonen. Dette må planleggast saman med legen din. Andre faste medisinar kan du ta som vanleg heilt fram til dagen du skal leggast inn.
Når du kjem på sjukehuset, vil sjukepleiaren vise deg kva førebuingar du skal gjere når det gjeld dusj og medisinar.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
