Elektrodar blir festa med ein elektrodepasta til hovudbotnen. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Det er som oftast 35 elektrodar tilsaman. Etterpå ligg du uforstyrra på ein benk med lyset av i cirka éin time.
Undersøking av små barn
Det er avgjerande for undersøkinga at barnet ligg eller sit heilt i ro mens elektrodane blir festa. Det er derfor fint om vaksne følger dei minste barna. Små barn kan sitte på fanget mens vi festar på elektrodane. Ta gjerne med noko som kan hjelpe til med å halde barnet roleg, for eksempel ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, iPad eller liknande.
I starten av undersøkinga er det vanleg å framkalle spesielle former for hjerneaktivitet ved at du pustar djupt i tre minutt. Undersøkinga tar som regel 1,5 til 2 timar.