To veker før første time skal du ta blodprøver ved prøvemottaket.
Til timen på poliklinikken
Ta med deg utfylte skjema du har fått tilsendt i forkant.
Når du møter opp til timen tar vi følgande mål: høgde, vekt, midje, hofte og hals.
På bakgrunn av tilvising og blodprøvesvar blir det gjort ei utgreiing av lege og spesialsjukepleiar. Formålet er at utgreiinga skal komme fram til konkrete tiltak tilpassa deg og din situasjon. Det tverrfaglege teamet til poliklinikken vil også kunne komme med forslag til vidare utgreiing og behandling.
Samval
Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval
Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.