Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
For pasientar med bukspyttkjertelkreft vil som regel behandlinga vere operasjon eller medikamentell behandling.
Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Operasjon
Den vanlegaste kirurgiske prosedyren som blir gjort, er Whipples operasjon. Den bli gjort ved mistanke om kreft i hovudregionen til bukspyttkjertelen eller i nærliggande organ, som tolvfingertarm eller nedre gallevegar.
Cellegift (kjemotera pi)
Ein kan tilby cellegift til to ulike formål. Den kan bli gitt etter operasjon (adjuvant) eller dersom du ikkje kan bli operert (palliativ). Etter operasjon kan cellegift drepe kreftceller som eventuelt er igjen etter operasjonen.
Dersom operasjon ikkje er mogleg, vil cellegift kunne lindre symptom og forlenge livet. I samtale med ein av kreftlegane våre vil det bli vurdert om cellegift er å anbefale for deg.
Cellegiftbehandling
Annan behandling
Dersom kreften har spreidd seg utanfor bukspyttkjertelen og ein ikkje kan kurere sjukdommen, kan operasjon eller endoskopi enkelte gonger lette symptoma. Plager med gulsott, kløe, kvalme og ubehag i magen kan bli bedra ved hjelp av endoskopiske stentar, som er små plastrøyr som blir plassert i gallevegane dine for å halde dei opne.
Ein kan også i enkelte tilfelle gjere ein såkalla bypass operasjon, der ein koplar om gallegangen eller magesekken forbi svulsten. Dette vil lette på symptoma, men ikkje kurere kreften.
Lindrande behandling
Ved langtkommen kreft der sjukdommen ikkje kan bli kurert, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.