Når du kjem til sjukehuset, møter du vanlegvis to sjukepleiarar og éin lege. Du ligg på ryggen på ein smal benk under undersøkinga. EKG-leidningar blir kopla til, slik at vi kan følge hjarterytmen din. Over deg er det eit bevegeleg røntgenapparat som viser hjartet frå fleire vinklar.
Undersøkinga blir gjord via ei blodåre (vene) i lysken eller på halsen. Lysken eller halsen blir vaska og eventuelt barbert. Det blir lagt eit sterilt laken over deg med eit hol over innstikkstaden. Deretter set legen lokalbedøving. Da kjenner du eit lite stikk. Så snart bedøvinga verkar, blir det ført ein tynn leidning (kateter) via blodåra fram til hjartet. Det er eit spesialkateter som gjer det mogleg å registrere trykk og måle pumpeevna til hjartet.
Vi bruker røntgengjennomlysing når kateteret blir ført til hjartet. Det gjer vi for å sjå kor vi plasserer kateteret. Samtidig måler vi blodtrykk på ulike stader og tar blodprøver. Til slutt måler vi kor mykje blod hjartet ditt pumpar ut i kvile.
Undervegs i undersøkinga, når kateteret ligg i hjartet, kan du ofte kjenne ekstra hjarteslag. Dette er normalt og er ikkje farleg. Undersøkinga gir vanlegvis lite ubehag, men si frå til personalet om du kjenner noko.